Skriv ein stad som ikkje finst
Det veks poteter i akvariebollen. Dei ligg som silikonerte bryst på botnen av sju hav og duvar. Berre glasaugefolket kan sjå dei. Potetene har tatoverte årer som flyt lik sur nedbør etter sitrusregn. Sjølv haien forvekslar det raude når han ein sjeldan gong får fri frå skrekkfilmen. Då hender det at han legg seg på gullfiskrygg og speler død. Over seglskuteripa heng regissøren og speidar etter attraksjonen mens han drøymer om spagettiwestern med Fedon Lindberg i hovudrolla. Han har snart ikkje fleire statistar igjen. I nødsfall får han bruke dei åtte delfinane. Men også dei er borte. Sist han såg finnane forsvinne i djupet, var dei på tur ned til brystvortene for å finpusse kroppsspråket.





4 kommentarer:
Og det veks dikt i Midifila, - husj, ikkje lat kråka ta dei!
Super tekst!
Og jeg skulle gjerne ha sett en spaghettiwestern med Fedon Lindberg:-)
Takk og takk.
Av og til må ein berre ha eit spark bak.
Jeg merket meg dette på kammeret. Av og til er det en gulltekst innimellom bråk, søppel og virus.
:-)
Legg inn en kommentar