13.8.05

I skuggen av ei utlånt bok

Mandag kjem dronninga til byen for å opne det fine Rådhuskvartalet, som inneheld rådhus (sjølvsagt), kino og bibliotek. Dotter mi skal helse på dronninga i lag med dei andre ungane i barnehagen. Snuppa omtaler dronninga konsekvent som prinsessa, og det skjøner eg godt. Alle som har lese eit og anna eventyr veit at dronningar eigentleg er heksar. Det er berre prinsessene det er sus over. Rosa kjolar har dei også.

Eg skal ikkje helse på Sonja. Men eg skal på biblioteket og lese, medbrakt bok. Og for eit bibliotek vi endeleg har fått. Det er så eg trur at eg dessverre kjem til å vere utru mot min faste filial på fastlandet.

Eg elskar dei raude stolane. Det vakre lyset frå dei store vindauga. Himlinga i taket. Eg får lyst til å be alle andre gå heim så eg kan kippe av meg skoa og legge meg på sofaen og lese. Lenge.



Her kom eg over desse spørsmåla, og utan å vere spurt, svarar eg villig vekk:

Når besøkte du sist du sist eit bibliotek?
I dag, men det var for å øve. For litt over ei veke sia var eg på det nye biblioteket for første gong for å sjå meg om. Og drog heim med Tre kamerater.

Føler du at du har bruk for biblioteket?
Ja. Det er ein fristad der tida stoppar opp, der eg kan gå på oppdagingsferd, der eg får tak i dei bøkene som i løpet av bokhausten berre blafra forbi sidesynet, og i min faste filial blir dei så glade når eg raskar med meg berenett med diktbøker.

Kva er det beste du har funne på eit bibliotek nokon gong?
Her snur eg litt på spørsmålet: Kva er det beste du har fått på biblioteket nokon gong? For ein gong, for mange år sia, fekk eg to bøker med meg heim. Det er sikkert ikkje lov, men bibliotekaren (ein ung mann med briller) sa at det var ingen som kom til å låne dei bøkene likevel. Dei berre samla støv i magasinet. Derfor står to bøker av Tufse (Gerd Færder) i bokhylla mi. Fine tufsedikt er det.

Kva kan biblioteka gjere for å lokke til seg fleire besøkande?
Dei kan starte med utvida opningstider. Draumen er døgnopne bibliotek!

Hermed sender eg bibliotekstafettpinnen vidare, til Marte
og Frk. Hansson i fjerde
og Irene
og Jostein
og Lene, som må få seg blogg!

2 kommentarer:

marte sa...

Gratulerer med nytt bibliotek!!
Og - jeg skulle så GJERNE ha vært der på mandag!!

Og - utfordringa di er besvart :-)

HeNo sa...

Oppfordring mottatt.
Og så så innbydende og fine lokaler!

Lykke til på mandag! (Alle sammen)

:-)
h