17.8.05

Ein strek er ein strek?

Visste du at dei fleste sluttar å teikne når dei er tolv-tretten år gamle? Det er derfor mange vaksne sine teikningar ser ut som om dei er teikna av – ja, nokon på tolv eller tretten. (Med mindre ein har eit spesielt talent, så klart).

Men alt håp er ikkje ute. Her kan vi øve og øve, vi som gøymer skorsteinen bak hustaket fordi vi ikkje kan det med djupleik.

Les du dette er oppgåva denne: Teikn eit hus, deg sjølv eller noko anna fint. Og post det i bloggen din.

Her bur eg. Leiker vi.

Ingen kommentarer: