5.8.05

Helsing til rad 8, sete 32















Tittelen kan kanskje høyrest ut som eit sjekkeinnlegg, men er det altså ikkje. Hadde eg skrive dette i går, hadde eg skrive det i affekt. Eg har altså venta ein dag og er berre bitte litt mindre sint.

Det skal handle om fotball. Ein sport eg er veldig glad i. 11-åringen også. Vi gjekk på heimekamp, kledd for vinteren, men måtte snart kaste både jakke og fleece i solsteiken. Vi kosa oss. I fem minutt. Då fekk heimelagets toppscorar gult kort og sidemannen på sete 32 trekte inn tre somrar og slapp ein iskald fløytetone ut mellom leppene så trommehinna i mitt høgre øre bad om nåde. Eg beit mine lepper saman, men etter aukande symptom på tinnitus hinta eg i ein munter tone om at rett nok var det litt av ei fløyte han hadde, men kunne han vere så snill å rette tuten ein annan veg?

No veit eg korleis det er å vere luft.

Ok då, eg innrømmer det. Resten av første omgong slapp han berre ut ein flau vårvind, men når dommaren blåste i si fløyte for del II, var det på’an igjen. Eg gav opp og sat resten av kampen med ein finger i øret. Men – eg merkte meg at det over høgttalaren blei oppmoda til ikkje å røyke under kampen. Fordi eg er eit skikkelig menneske, røyker eg berre i pausen, i smug i eit hjørne. Eg får nok kjeft av sonen min som det er. Men hadde eg vore åleine skulle eg nirøykt heile kampen (aller helst på ein feit sigar) og røyklagt den tidlegare fotballspelaren som laga seg feite snusklyper når han ikkje forureina øyret mitt.

Så. No er det sagt. Helsing ho på sete 33 som drøymer ondsinna om snusklyper i vranghalsar.

3 kommentarer:

HeNo sa...

Heia hun på sete 33.
Neste gang blåser du røykringer hver gang fløyta går.

:-)
h

marte sa...

Takk Gud for at han (sannsynligvis?) heiet på samme lag som deg da! Hvis ikke ser jeg for meg at hva som helst kunne ha skjedd!

Og forøvrig: TAKK for poengene dere stjal fra hyperhovne søringer i går ;)
Jeg har alt bedt ca 14 bønner og sendt dobbelt så mange ønsker for kvelden i kveld......

Mvh Marte

Midifila sa...

Og søndag skal eg på kamp igjen!