Stella når ikkje opp
Stella står attmed mor si. Stella når ikkje opp. Ho kan kjenne kjolekanten mot fingertuppane sine. Ho kan sjå blomstrene i stoffet, store roser, dei er kvite mot det raude. Ho kan høyre oppvaskvatnet som plaskar i kummen, kan sjå moras våte underarmar der skummet boblar mot vinterkvit hud.
Mora skyv Stella vekk med den handa som ikkje held oppvaskbørsten. Gå vekk. Gå og leik, seier ho med zalorøyst og skubbar dottera vekk frå benken. Stella kjenner trutmunnen ho hatar forme seg i ansiktet. Leppene vrenger seg som ein vridd klut. Væta frå handa hennes på kinnet. Skinet i vindauget mora pussa i går. Stellas skitne fingermerkar i den nedste ruta. Umuleg å tyde.
Dette er lenge før mora fer. Men Stella kan ikkje klokka. Og tida går så fort. Eitt minutt, ein ettermiddag, kvilen på sofaen med det ru trekket. Grå farge. Nuppane som klør mot nakne leggar. Moras blåkvite med åreknutar og inngrodd tånagl under strømpene som rekker til rett under kneskålene. Pust av kaffi og sigarettar, gjennom den tynne nasen som peiker opp i lufta, opp i rommet, opp under det høge taket der lydane forsvinn i trekken frå vindauga.
Stella kryp opp i fotenden. Gjer seg lita. Ho har kvite knestrømper. Ho tar dei av. Ho studerer tærne sine. Dei dannar ei halv vifte. Stortåa er diger samanlikna med vesletåa. Stella fører stortåa opp i munnen. Ho smakar salt. Stella kjenner at ho er mjuk i kroppen. Ho kan krumme seg saman til ein ball om ho vil. Stella prøver å gjere seg så lita at ho forsvinn, men gir seg når ho nesten veltar ut av sofaen. For å halde seg på plass bit ho seg fast i den minste tåa. Slik sitt Stella når mora vaknar med eit langt snork.






2 kommentarer:
måle ned frå opp
motsett kule sirkel rundt
barne-eige veit
*575haikuprisogtakk*
Og eg veit kor glad eg blir for jo li-ord! Takk!
Legg inn en kommentar