We're all gonna die
Den vesle gneldrebikkja stikk nasen fram frå ryggsekken. Det er ein av dei varme dagane. Han har venta i fleire timar. Flyet er forseinka, ho skulle ha vore her for lenge sia. Brått hugsar han ikkje korleis ho ser ut, enda han har bildet av ho i lomma. Han tar det fram. Det er blitt krøllete med tida, eit svartkvitt passfoto. Luggen hennes er skeiv, blikket sjenert. Han kan sjå freknene på nasen, mellomrommet mellom framtenna idet ho skil leppene i eit lite smil. Bikkja klynkar i takt med hjartet hans.
Ho stod lenge framfor spegelen denne morgonen. Alt måtte stemme. Nappa augebryna, væta dei med spytt. La svart kajal under augene, myste mot sitt eige spegelbilde. Ei grå stripe i den svarte luggen, ho let seg overtale av frisøren. Han var lærling, men påståeleg. Du blir så fin, sa han. Ho er ikkje sikker på om han hadde rett, men jakka matchar i alle fall. Og munnen har aldri vore raudare. Ho lar seg føre med menneskestraumen ned rulletrappa og høyrer ein hund gøy.
Han har eigentleg slutta å røyke, men faen så redd han er. Rundt halsen heng lykkesmykket med tre ringar og eit kors. Han hugsar den dagen han kjøpte det, ein laurdag ettermiddag då byen var full av folk, det var marknad og bodar og framande lukter og i ein bod stod ein skjeggete kar og vinka han til seg. Supertilbod, gliste han og peikte på rekka med smykke som hang på ein trepinne. Hjarteforma og stjerneforma og små og store kors. Ikkje noko spesielt med nokre av dei, men ein stemme inni hovudet hans sa at han måtte. Så han grov djupt i lomma og hadde akkurat nok, det må ha vore eit teikn, tenker han og kjenner gloa brenne fingertuppane. Faen som han gruer seg. Han dreg ei hand over den glattbarberte skallen. Han raka bort alt kvelden før. Ei førebuing, det óg.
We're All Gonna Die





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar