8.2.09

Morgondikt for søstersorga

























Det er laurdag. Sola står for høgt til at eg kan skrive. Eg sitt
i lyset og har visst det lenge, sett den flyktige gleda gøyme seg
kvar gong halvsøster sorg står i døra. Ho skuler på meg
og ber meg halde munn. Reiser eg meg frå stolen for å hente blekk,
ser ho katterørsla, og korleis kan eg seie nei?
Eg blir sittande i varmen mens eg plukkar fram ei bok frå posen,
ho er gul og raud og eg søkk inn i morgondikt
frå den andre sida av kloden. Då kjem søstersorga med svarte eventyr
i munnen og legg ei tynn hand på augene

5 kommentarer:

Neglecta sa...

Så fint, vart og sårt.

Lille søster sa...

Fint!

Synline sa...

Å, så fint.

tusen sa...

Orda og bilete var himla fint-
Olava

Midifila sa...

Takk og takk!
Dikt og bilde frå arkivet.
Imens ventar eg på inspirasjon.
Og dagar med lys.