Frå bokhylla

I DIKTA MINE ER EG FRI
I dikta mine er eg fri; dei er mitt hav.
Mitt vide hav, nake for horisontar...
I dikta mine går eg på havet,
går eg på bølgjer fødde av andre
bølgjer atter av andre fødde... Eg går
i dikta mine, eg pustar, eg lever, eg veks
i dikta mine, og der finn føtene
mine veg og vegen min retning og hendene
mine noko å halde fast og håpet
mitt noko å håpe på og livet mitt si meining,.
Eg er fri i dikta og dikta er frie
som eg. Vi elskar kvarandre. Vi har kvarandre.
Utanfor dikta er eg lita og fell på kne
for det hendene mine har skapt, den
mjuke leira forma mellom fingrane mine...
I dikta reiser eg meg, og er meg.
VII
Mangt har eg fått i denne verda:
Berre einsemda er heilt mi eiga.
XXIX
I kvart sandkorn har eit fjell rasa saman.
LVII
Eg seier ikkje namnet ditt; men du er i meg slik musikken
er i strupen på nattergalen sjøl når han ikkje syng.
Dulce Maria Loynaz (1902-1997)
Svart vin
Utval og gjendiktning av Tove Bakke





3 kommentarer:
I morgon går eg rett på biblioteket for å låne denne boka. Takk igjen, for gode lesetips!
mvh Torunn
Så fint! Boka er frå serien "Stemmens kontinent":
http://www.bokkilden.no/SamboWeb/enkeltSok.do?enkeltsok=Stemmens%20kontinent
Mykje bra der!
M:-)
Desse dikta gjorde inntrykk!
Ho må lånast og lesast.
Takk for å bli gjort merksam...
Olava
Legg inn en kommentar