31.3.06

Air Mail



Air Mail er tittelen på ei bok eg les. Ho inneheld brev, sende over Atlanteren frå 1964 til 1990. Den eine avsendaren heiter Tomas Tranströmer, som eg er så heldig å ha møtt. Den andre heiter Robert Bly. Han har eg ikkje møtt, men hans dikt, gjendikta av Helge Torvund, har eg lese med stor glede.

Breva dei sender kvarandre er fylt av stor varme, respekt, vitelyst, gleda over språk, over orda – dei omsetter kvarandre sine dikt, og eit ønske om det beste for den andre.

Eg gler meg over orda dei skriv og noterer i margen undervegs. Som her, datert 1.9.1964 (då var eg fire månader gammal!):

T: Men det känns bittert att inte få tid til att skrive något nytt. Är alt slut, un uomo finito?

Eller her, 20.2. 1967

B: Bekymra dig inte över att folk attackerar dina dikter – Machado utsattes för samma behandling och nu säger alla som kritiserade honom: ”Aj tusan, jag hade fel”. Det finns bara ett sätt man kan läsa artiklar om sina egna böcker på och det är med ena handen över munnen så att man inte brister ut i skratt.




Ingen kommentarer: