Hjartesting
Bestemor mi var syerske. Kvar helg sydde ho noko nytt på den gamle Singer-maskina viss mor mi skulle ut på dans. I går spurte eg far min om eg kanskje kunne arve mor mi sin gamle symaskin. Ingen av systrene mine ville ha den. Klart du kan, sa far min. I dag ringte han meg på jobb og spurte om han kunne stikke innom. Klart du kan, sa eg. Og sjå kva han kom med! Ikkje mamma sin maskin, men ein ny! Rett nok brukt, men pent. Og nyleg overhala i butikken. Snille, snille pappaen min! No les eg bruksrettleiinga, klør meg litt i hovudet med varmt dotterhjarte og kjenner meg lita igjen.





5 kommentarer:
snille, snille dattera, som skriver så varmt om gaven fra pappaen.
dotter
eit hjartesog
koblar ut farshjernen
alt kunne han gjere berre
for ho
* fars tapas-sukk *
Det gjer meg reint rørt å få lese dette :)
Fint å få kjenne seg lita på denne gode måten, tenkjer eg :).
Og symaskina vil sikkert gi deg mange gode stunder, sjølv er eg ikkje av dei mest tålmodige og nøyaktige, og det går i perioder som alt anna, men for tida kan eg sterkt anbefale vesker….
mvh Torunn
(det er eg som trykte /edit/ for tidleg, og måtte fjerne)
Takk for rørande kommentarar!
Legg inn en kommentar