Eg syng for deg
Eg syng for deg, høyrer du songen du song for meg, stemma så
tynn i det tronge rommet, ein einsam solist bak det uhørlege koret
frå vindauget av vind og støvete by Eg syng, eg syng Det var en
lørdag aften, og eg veit ikkje kven du satt og venta på, kanskje
venta du på kriblinga før festen og han med dei nypussa skoa
svinga deg til kjolen var eit segl og du mista fotfestet Eg kviler
føtene mine på ein flekkete krakk og kjenner tyngda av tonane
som flyt, bilda eg renn over med som vatn over feit jord I
vindaugskarmen er blada grøne av plast og stemma rustar av ein
shanty frå nattsvarte havet, huff, den er så trist, sa du kvar gong eg
song enda eg trur du likte høvdingen Frå veska stikk arket opp
som tørkle frå brystlomma Eg bretter ut den finaste serviett og når
kyrkjeklokka slår frå den andre sida av gata ber eg fader vår for
deg slik du bad kveldsbøn for meg og helsar rykkinga i eit auge





Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar